laurdag 13. oktober 2018 14:00 - søndag 11. november 2018 17:00

Informasjon

Marianne Berg / Marianne Broch

EKKO / INNOVER

skulptur

Marianne Berg (EKKO) og Marianne Broch (INNOVER) syner skulpturar på Hå gamle prestegard.

Marianne Berg arbeider skulpturelt og materialbasert, og utforskar heile tida nye materiale. I utstillinga på Hå gamle prestegard syner ho arbeid i tre, epoksy, betong og bronse. Naturen er ei viktig inspirasjonskjelde; organiske former, former i endring, rørsle, lysbryting, transparens, tekstur og fargar. Objekta i utstillinga er samla i seriar med ulike eigenskapar; organiske eller geometriske former som utviklar eller formeirer seg, de blir påverka av kvarandre og dannar nye samanstillingar. Gjennomgangstema for objekta hennar er rørsle, rytme, forskyvingar og balanse. Rørsle kan ha utgangspunkt i ro, ein form for stille, eller vera ein indre eller ytre uro som påverkar forma.

Marianne Berg er utdanna ved Bergens Kunsthåndverksskole (1981-85). Ho har utført fleire offentlege og private utsmykkingsoppdrag, og vore kunstnarisk konsulent for KORO. Verka hennar er kjøpt inn av mellom andre Nordenfjeldske kunstindustrimuseum, UiB, Vestlandske kunstindustrimuseum og Bergen kommune.
www.marianneberg.no

Marianne Broch skapar verk ved hjelp av fysisk kraft og materiale frå naturen, hovudsakleg tre. Arbeida er basert på kontrastar; sårbarheita i styrken og styrken i sårbarheita. Utandørs, med kraftige reiskapar arbeider ho seg sakte og varsamt innover i treet «inn under skallet, innover til kjernen, på søken etter det ekte, det sanne. Innover til vår naturlige tilhørighet til det opprinnelige og livet selv». Medan kunstnaren arbeider innover i materialet kjem former og strukturar frå vekst og forvitring fram. Treet er teke ut av sin naturlege kontekst, men ber samstundes med seg synlege spor og sår etter historia si frå skogen. Det oppstår eit samspel der ein søkjer ein balanse mellom å forme, hole ut eller å la stå igjen.

Marianne Broch har utdanning frå mellom anna Kunstfagskolen i Bærum og frå The Art Institute of Kankaanpää, Finland. Ho var elev i Arne N. Vigelands atelier på Ekely. Kunstnaren har delteke på utstillingar i inn- og utland, motteke fleire stipend og prisar og arbeida hennar er innkjøpt av mellom andre Trondheim og Bærum kommune. Utstillinga er støtta av BKH.
www.mariannebroch.no

 

Utstillinga står til 11. november 2018.

Foto
Venstre Marianne Berg Fotograf: Øystein Klakegg
Høgre Marianne Broch Fotograf: kunstnaren

Stad


 

Kontakt


 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Filter

Søk