laurdag 13. oktober 2018 14:00 - søndag 11. november 2018 17:00

Informasjon

Morten Slettemeås

YELLOW SKY 

maleri 

I utstillinga Yellow sky i nye fjoset på Hå gamle prestegard syner Morten Slettemeås (f. 1975) heilt nye maleri, laga spesielt for denne utstillinga. Maleria vekslar mellom det figurative og det abstrakte. Dei har referansar både frå kunsthistoria, hendingar  i samtida og frå vår massemediale popkulturelle verd. Ved å nytta heilt personlege idear og opplevingar og setje dei i samanheng med offentlege og globale hendingar framstår arbeida med ei subjektiv historieforståing. 

Våren 2018 mottok Morten Slettemeås Villa Faraldi-stipendet frå Fritz Røeds minnefond. I april og mai arbeida han i kapellet Santa Catarina som var Fritz Røeds atelier i Villa Faraldi i Italia. Arbeidet med utstillinga på Hå gamle prestegard blei påbegynt under arbeidsopphaldet og ferdigstilt i Oslo.

Morten Slettemeås er fødd i 1975 og oppvaksen i Gvarv i Telemark. Han bur og arbeider no i Oslo. Han er utdanna ved Statens Kunstakademi i Oslo og ved Einar Granums Kunstfagskole i Oslo. Slettemeås har vist verka sine i mellom anna i Museo di Arte Contemporanea di San Luis Potosi og il Museo de Cancilleria i Mexico, Kunsthall Grenland, Lillehammer Kunstmuseum, Haugar Vestfold Kunstmuseum, Stavanger Kunstmuseum og Stenersenmuseet i Norge. I 2008 var han årets ONS-kunstnar, som den yngste nokon sinne.

 

Søndag 14. oktober kl. 13.30
OMVISING I UTSTILLINGA YELLOW SKY
Møt kunstnaren Morten Slettemeås i utstillinga YELLOW SKY. Vanleg inngangsbillett gjeld.

Utstillinga står til 11. november 2018

Stad


 

Kontakt


 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Filter

Søk