Forslag til økonomiplan 2019-2022

Rådmannen la 6. november fram sitt forslag til budsjett for 2019 og økonomiplan for perioden 2019-2022.

Økonomisjef Bente C. Iversen og Rådmann Anne Berit Berge Ims legg fram forslag til budsjett og økonomiplan - Klikk for stort bileteØkonomisjef Bente C. Iversen og Rådmann Anne Berit Berge Ims legg fram forslag til budsjett og økonomiplan

Økonomiplanen er kommunen sitt viktigaste verktøy for å sikre god økonomisk planlegging og styring. Planen viser kommunestyret sine prioriteringar, kva administrasjonen skal arbeide med, spesifiserer resultatmål og føreslår ressursfordelinga for dei neste fire budsjettåra.

I følgje kommunelova sin § 44 skal kommunane årleg utarbeide minst ein 4-årig økonomiplan. Denne skal gje ei realistisk oversikt over sannsynlege inntekter, forventa utgifter og prioriterte oppgåver i planperioden. Økonomiplanen skal rullerast kvart år, og er bindande det første året i planperioden.

Saman i skiftande tider

Hovudmålet for Hå kommune er at «Det skal være godt å bu, leve og arbeide i Hå». Også i 2018 har vi hatt ei positiv utvikling i arbeidsløysa og godt sal av tomter til næringsformål. Folkeveksten har flata ut og venta vekst er lågare enn det vi har venta tidlegare. Tala er usikre og vi må legge til rette for rask endring når tidene skifter. Vi ser effekten av Framtidsløftet og er med på mange initiativ for å gjere nye, digitale løysingar og tenester betre og meir tilgjengelege for innbyggjarane. Rådmannen legg fram ein økonomiplan med fokus på korleis me kan arbeide saman i skiftande tider. For å få til dette må me løfte i lag!

Gjennom 2018 har vi hatt fokus på at heile organisasjonen og dei hovudtillitsvalte er involverte når det gjeld korleis vi skal forenkle, fornye og forbetre måten vi arbeider på. Slik riggar vi organisasjonen for å kunne tilpasse oss framtida sine utfordringar. I budsjettet for 2019 og økonomiplan 2019 – 2022 bygger rådmannen vidare på korleis vi samarbeider i heile organisasjonen. Dette blir ytterligare understreka i Plan for frivillig arbeid i KS-sak 086/18 der det heiter «Vi ser, at vi nå og i tida framover, vil vere heilt avhengig av det frivillige arbeidet som skjer i kommunen. Gjennom å løfte i lag med dei frivillige lag og organisasjonane og ikkje minst enkeltpersonar, kan vi få til så mykje meir enn om vi står åleine».

Arbeidet med økonomiplanen for 2019-2022 har vært ekstra krevjande på grunn av at vi hadde eit gap (mellom forventa inntekter og utgifter) på 35 millionar kroner å dekke inn i 2019. Det har vært gjort eit grundig arbeid i organisasjonen, saman med dei tillitsvalde, for å finne auka inntekter og identifisere innsparingar slik at dette gapet er lukka ved konkrete tiltak og ikkje med ei generell innsparing for alle. Samstundes er det tatt omsyn til auka kostnader.

Viktige grep vi tar i dette budsjettet er:

  • Det er færre ungar i barnehagane frå hausten 2018. På grunn av at det er fleire småbarn vil likevel utgiftene auke. Barnehageplassane for små barn (1-2 år) er omlag dobbelt så dyre som plassane til dei store barna. Antatt auke i dekningsgrad for dei minste barna vil kunne gje ei auka utgift på omlag 3 mill. kroner i 2019.
  • Planlegginga av ny barnehage på Brusand er i gang. I samband med reguleringsplanarbeidet har vi mottat innsigelsar frå BaneNor (nærleik til jernbanen) og Fylkesmannen. På bakgrunn av dette føreslår rådmannen å skyve prosjektet eit halvt år ut i tid med ferdigstilling i 2022.
  • I 2018 blei det innført ny lærarnorm for skulane i landet. Ein gjennomgang av denne i Hå viser at kommunen ser ut til å ha noko høgare lærardekning enn kravet. Vi ser at vi ligg an til å klare krava til lærardekning også om vi tar bort den planlagde årlege auken på 3,5 stillingar i skulane for 2019.
  • Påbygg på Varhaug skule med plass til 550 elevar er planlagt ferdigstilt i 2020.
  • Økonomiplanen inneheld føresetnad om å ikkje auka talet på sjukeheimsplassar dei neste fire åra. Det betyr at rådmannen rår til at 2. etasje av gamle delen av Hå sjukeheim som var tenkt nytta til ein auke i korttidsplassar ikkje blir tatt i bruk.
  • Helsedirektoratet har ført tilbake trekket etter omlegginga av vertskommunetilskotet, noko som førte til at vi fekk tilført 3 mill. kroner meir i 2018. Dette, og lågare prognose i fråfall, fører til eit lågare nedtrekk i økonomiplanen.
  • Ny avlastningsbustad for barn og ungdom på Nærbø er planlagt ferdigstilt i 2021.
  • 2018 har vore eit kontrastfullt værår med ein snørik vinter, historisk tørkeperiode i sommar og ein svært regnfull haust. Våren 2018 fekk vi tilsegn på 20 mill. kroner til flaumsikring på Vigrestad. Arbeidet med første etappe starta opp hausten 2018. Vi har søkt NVE om midlar til fullføring av flaumtiltaka (deletappe 2 og 3) på Vigrestad.
  • Oppgradering og utbygging av vassforsyningsnettet av to hovudprosjekt. Det eine ifrå Prestakrysset til Håland, og det andre i frå Dysjaland – Varhaug – Kydland.
  • I budsjettet for 2018 og økonomiplanen for 2018-2021 vedtok kommunestyret å jobbe vidare med eit sambrukshus i Nærbø sentrum for å gje rom til kommunale funksjonar i sentrum og legge til rette for auka aktivitet og attraktivitet i sentrum. I forslag til budsjett for 2019 og økonomiplan 2019 – 2022 går rådmannen nærare inn på kva som skal til for å gjennomføre dette. Sambrukshuset kan stå klart i løpet av 2025.

 

For gjeldande økonomiplan, sjå her: Økonomiplan og budsjett 2018-2021

Kontakt

Bente C. Iversen
Bente C. Iversen
Økonomisjef
Telefon: 51 79 30 14
Mobil: 481 42 761
Fann du det du leita etter?