Kven fortener Byggeskikkprisen 2019?

Du kan nominere ditt forslag - fristen er måndag 1. april.Klikk for stort bileteVinnar 2017 - Himmelrommet på Ogna

Hå kommune deler annakvart år ut byggeskikkprisen. Denne heidersprisen har som føremål å auka medvitet omkring god byggeskikk. Gjennom byggeskikkprisen ønsker Hå kommune å framheva byggverk eller bygde omgjevnader som bidreg til å heva, fornya og utvikla den allmenne byggeskikken på Jæren.

Prisen kan gå til nybygg, til-/påbygg eller ombygging.

Kjenner du til noko flott som er bygd dei siste ti åra, som fortener prisen? Alle kan nominere kandidatar, via dette skjemaet. 

Tidlegare vinnarar:
Årstal Prisvinnar Byggherre Arkitekt
2017 Hytteprosjektet "Himmelrommet" på Ogna Henrik og Kaj Stokkeland Torgeir Norheim
2015 Boligen "Patio", Skoratuå 20, Sirevåg Maibel Edland Togstad og Roy Kenneth Skretting SAARK arkitekter
2013 Bolig, Langgata 1, Vigrestad Ingebjørg og Reidar Waldeland Trodahl arkitekter
2011 Industribygg i Stokkalandsmarka IKM Haaland AS Sjo Fasting Arkitekter
Fann du det du leita etter?