Bilete

Toppbilde barn i lek - Klikk for stort bilete

Barnehage

Barnehageplass i Hå kommune
 

Vil du søka barnehageplass?

Søknader om ny plass, endra opphaldstid eller oppseiing av plass skjer i Barnehageportalen. Søkjer du overflytting til ein annan barnehage, må du sende inn ny søknad. Ved godkjent byte av barnehage, mister du automatisk den gamle plassen. Sjå oppdaterte betalingssatsar her.

Etter opptaksreglane blir søknaden prioritert etter alder på barnet. Når de søkjer vil de få eit automatisk svar på at søknaden er motteken. Søknaden står på venteliste og blir tildelt av den einskilde barnehage ved ledig kapasitet.

Barnehagane - Klikk for stort bilete

Open barnehage

Open barnehage er eit tilbod for barn i alderen 0-6 år i følge med vaksne. Tilbodet er ope på føremiddagar frå kl. 9-13. Dagar og tider varierer frå kvar barnehage. Sjå den einskilde barnehage for meir informasjon.
Nærbø: Noas ark
Varhaug: Lensmannsgarden barnehage

 

Styrka barnehagetilbod

Har ditt barn behov for ekstra tilrettelegging av barnehagetilbodet eller er du bekymra for utviklinga til barnet ditt? 

Dersom barnet ditt allereie går i barnehagen, kan du få hjelp til å vurdera behovet av personalet i barnehagen. Dei kan også hjelpe deg med å få kontakt med andre instansar. Hvis barnet ikkje går i barnehage, kan du ta kontakt med PPT (Pedagogisk psykologisk tenestekontor), Helsestasjonen eller med barnehageadministrasjonen. Dei vil hjelpe deg vidare.

Barnet kan ha rett på spesialpedagogisk hjelp, eller tilrettelegging av barnehagetilbod.

Du kan lese meir om rettigheter, muligheiter og saksgang på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

 

Saman om god oppvekst

Hå kommune har utvikla eit program for foreldrerettleiing som er retta mot alle foreldre til barn i alderen 1-12 år, dette heiter «Saman om god oppvekst!».

Kontakt

Hildegunn S. Husveg
Hildegunn S. Husveg
Barnehagesjef
Telefon: 51 79 30 70

Kart

Fann du det du leita etter?