Pris og betaling for barnehageplass

Kva kostar det?

Dagar i veka Pris
5 dagar (100%) kr 2 910
4 dagar (80%) kr 2 619
3 dagar (60%) kr 2 037

Prisane gjeld for både kommunale og private barnehagar.

 

Nye prisar frå 2019

  • Frå 1. januar 2019 aukar prisen for full barnehageplass i alle barnehagar frå 2910 kroner til 2990 kroner per månad. 
  • Frå 1. august 2019 aukar prisen for full barnehageplass i alle barnehagar frå 2990 kroner til 3040 kroner per måned. 

(Med atterhald om Stortinget sitt endelege vedtak av statsbudsjettet)

 

Når kan du få redusert barnehagepris?

Dersom du har fleire barn i barnehage

Du får automatisk søskenrabatt om du har fleire barn i barnehagen. 

  • Du betalar 70% for barn nummer to.
  • Du betalar 50% for barn nummer tre eller fleire.

Søskenrabatt gjeld sjølv om du har eitt barn i kommunal barnehage og eitt barn i privat barnehage.

Dersom husstanden har låg inntekt

Husstandar med lågare samla brutto årsinntekt enn 533 500 kroner kan søka om redusert pris. 

Alle 3, 4, og 5-åringar, og barn som har utsett skulestart, i familiar med samla brutto årsinntekt under 533 500 kroner (gjeld barnehageåret 2018/2019) kan søka om 20 timar gratis barnehage i veka.

For barnehageåret 2018/2019 gjeld gratis kjernetid for barn som er fødd i 2013, 2014 og 2015.

Her finn du søknadsskjema for redusert barnehagepris.

Gå til sida om redusert barnehagepris for å søka og lesa meir.

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51793000
Fann du det du leita etter?