Familiebading

Du kan bestilla billettar til familiebading i Stampen ved å ringa 51 79 30 00. Billettbestillinga opnar klokka 07:45 måndag kvar veke. Det er 30 plassar i bassenget kvar time, og billettane er populære. Derfor er det lurt å vera tidleg ute om du ønsker å sikra deg plass.


Timar

Tysdag 18.00-19.00 Med barn opp til 7 år
Tysdag 19.00-20.00 Med barn opp til 10 år
Fredag 16.00-17.00 Med barn opp til 7 år
Fredag 17.00-18.00 Med barn opp til 10 år
Fredag 18.00-19.00 Med barn opp til 10 år
Fredag 19.00-20.00 Med større barn

 

Ein time er inkludert garderobetid. Dersom du for eksempel skal bada frå 16.00-17.00, kan du ikkje gå inn i garderoben før 16.00, og må vera ute igjen av garderoben klokka 17.00. 

 

Prisar

0-16 år: 25 kroner
Vaksne: 60 kroner
Pensjonistar: 50 kroner
Følgekort gjeld  

 

Du kan betala med både Vipps, kort og kontant i Stampen.

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51793000
Fann du det du leita etter?