Kulturprogram

Heile dagen 24. juli vil det vere liv og røre i Sirevåg. Få med deg sjørøverfest, ekte sjantisong eller nyt tonar frå trekkspel gjennom dagen. Til middag kan du nyte mat og maritim underhaldning i eit av dekkselskapa.

Utekonsert med publikumsfavoritt

Storm Weather Shanti Choir - Klikk for stort bilete Sjantier er arbeidsonger som blei brukt til sjøs. Storm Weather Shanty Choir gjer tradisjonelle sjømannsviser om til rock’n roll, der publikum hiv seg med og syng av full hals, og får publikum til å lytte med rolige låtar om kjærleik og savn.

Storm Weather Shanty Choir er eit seksmanns rocka sjantikor frå Stord. Sjantiar er arbeidssongar som vart nytta til sjøs, og i Storm Weather Shanty Choir si tapping kjem dei i rock´n roll-drakt der publikum hiv seg med og syng av full hals – altså noko så merkeleg som rocka allsong! På same måte tek dei publikum heilt ned når dei framfører vakre og melankolske sjømannsviser om sakn og svunnen kjærleik til sjøs. 

Sidan år 2000, under den stramme regien til kaptein Haakon Vatle som har mastergrad i sjantitradisjonen, har SWSC vist for publikum og presse verda over at dei er eit liveband av den aller beste sorten. Dei har spelt fleire hundre konsertar i inn- og utland, turnert i m.a. Japan (der dei deltok på ein festival med 7000 publikummarar), USA og Tyskland og har spelt på eit utal av både rocke- og folkemusikkfestivalar som finnast her i landet og fyller klubbar til randen på sin veg. 

SWSC har gjeve ut fem plater sidan oppstarten, kjem med si sjette plate i løpet av 2016 og har også medverka på ei mengd andre utgjevingar, mellom anna med Odd Nordstoga og dei fekk sjølve med seg legenda Dave Cloud, frontfiguren i bandet The Gospel of Power, til å spela inn The Drunken Sailor.  Bandet blir årleg streama bortimot ein million gonger på spotify, noko som er oppsiktsvekkjande for eit sjantikor. 

Storm Weather Shanty Choir har desse medlemmene:

Haakon Vatle – forsongar/sjantimann og gitar 
Ronny Sætre - baryton og perkusjon 
Rune Nesse - bass og perkusjon 
Vidar Vedå - bass og «karaokemaskin» 
Roald Kaldestad - lyrisk tenor, mandolin, gitar 
Gisle Østrem - lyrisk tenor, concertina, trekkspel

De syngende matroser

DDe syngende matroser - Klikk for stort bilete uoen Frank Robert Andreassen og Bjor Bohne kallar seg Guilty Pleasure til vanleg. Når det er skutefest i Sirevåg går dei under namnet De Syngende Matroser. Dei er til og frå på scena heile dagen.  Om kvelden vil dei sørga for god og maritim stemning på Statsråd Lehmkuhl.

 

Sjørøverfest!

Kom og bli med på sjørøvarfest på scena! 
Få med deg song og musikk, krangel og fekting og ubrukelege skattekart! 

I rollene som Grusomme Edel og Onde Sten møtar du Gjertine Hognestad og Daniel Haugen

Dei har med seg piratungane Andrea Johnsen, Ole Elias Bergersen, Maria Svenssen, Liv Ingrid Haveland, Amalie Haarr, Sara Gulaker og Beth Hognestad Ueland.

Musikk: Ragnvald Wernøe

 

Sjørøverkaien

Sjørøverkaien - Klikk for stort bilete På sjørøvarkaia møtar du sjørøvarar frå inn- og utland. Det blir leik og moro, song og musikk, fekting og konkurransar. Du kan få tatovering og bli spådd i ei magisk spåkule. 
Ved «Sjørøvarkaia» ligg ei ekte russisk «sjørøvarskute». Fregatten Shtandart er kopi av tsar Peter den store sitt skip frå 1700-tallet.

 

Jærbelgen trekkspelklubb

Jærbelgen - Klikk for stort bilete Jærbelgen Trekkspelklubb er ein glad og allsidig gjeng. Dei spelar til allsong, dans og på mange ulike arrangement. På Tall Ships Races vil dei sørga for god og maritim stemning på kaien.

Fann du det du leita etter?