Tall Ships Races 2018: Skutene

I tidsrommet 23.-24. juli kom det 18 flotte skuter til Sirevåg, fordelt på 7 i klasse A, 2 i klasse B og 9 i klasse C/D.

Statsraad Lehmkuhl

"Dronninga blant dei norske seglskutene"

Statsraad Lehmkuhl - Klikk for stort bilete

  • Land: Norge
  • Hamn: Bergen
  • Klasse: A
  • Type: 3-mastra bark, skuleskip
  • Byggjeår: 1914
  • Største lengde: 98 meter (ink. baugspyd)
  • Lengde (skroget utan baugspyd):84,60 meter
  • Bredde: 12,60 meter
  • Største høgde: 48 meter
  • Største dyptgåande: 5,20 meter
  • Fast mannskap på kvart skift: 25 personar
  • Har plass til 150 medseglarar
  • www.lehmkuhl.no/

Tradisjonsrike og staselege «Statsraad Lehmkuhl» er ein 98 meter lang og 13 meter brei tremastra stålbark. Han vart bygd ved Johann C. Tecklenborg AG i Bremerhaven-Geestemünde i 1914 som skuleskip for den tyske handelsflåten. Etter 1. verdskrig vart skuta konfiskert av Storbritannia. I 1923 kjøpte Norges Rederforbund skipet etter initiativ frå tidlegare statsråd Kristofer Lehmkuhl (1855–1949). I 1924 blei «Statsraad Lehmkuhl» overdradd til institusjonen Bergens Skoleskib. Bortsett frå krigsårene 1940-45, då den tyske okkupasjonsmakta okkuperte skipet, dreiv Bergens Skoleskib «Statsraad Lehmkuhl» fram til og med 1966.

Trass statsbidrag makta ikkje institusjonen lenger å drive skuleskipet. Svikt i tilgangen på elevar og auka driftsomkostningar gjorde at eigaren vurderte å selje skipet til utlandet. Skipsreiar Hilmar Reksten kjøpte midlertidig «Statsraad Lehmkuhl» i 1967 for at skuta ikkje skulle gå ut av landet og fortsatt skulle kunne vert brukt til sjømannsopplæring.

«Statsraad Lehmkuhl» har eit seglareal på 2.026 kvm fordelt på 22 seil. «Statsraad Lehmkuhl» er i dag Norges største og eldste skvær-rigga seglskip.Etter at innreiinga blei modernisert, mellom anna med moderne sanitæranlegg, er elevkapasiteten redusert frå 200 til 150. Fast mannskap på kvart skift er 25 personar. Skipet har ein dieselmotor på 1125 HK som under gunstig vêr kan gje ei fart på ca. 11 knop.

Grunna skuleskipselevanes sikkerheit blei «Statsraad Lehmkuhl» allereie frå konstruktøren si side «underrigga», altså redusert seglmengde i samanlikna med skipet si daudvekt. Dette gir skipet eit visst handikap i kappseilasar ved svak vindstyrke. Skuta gjer seg difor best i frisk vind.

«I 1978 ga skipsreiar Hilmar Reksten «Statsraad Lehmkuhl» til Stiftelsen Seilskipet Statsraad Lehmkuhl, som nå eig og driv skipet.

I åra 1968 – 72 drev skipsreiar Reksten for eiga rekning diverse kurs for førstereisgutar. Men på grunn av manglande tilskot frå staten til drift av skipet for opplæringsføremål, blei «Statsraad Lehmkuhl» liggande i opplag i Bergen frå 1973.

Stiftinga har gjennom fleire år leiga skipet ut til foreiningar, skular, firma og organisasjonar, som har brukt skipet til forskjellige føremål og turar. I tillegg har det gjennom fleire år vore arrangert opne segltokt og skjærgårdsturar.«Statsraad Lehmkuhl» har vitja USA ved fleire høve. Andre fjerne destinasjonar har vore Brazil, Tyrkia og Kapp Verde øyene. I åra frå 1994 til 2005 har skipet gjennomgått eit omfattande rehabiliteringsprogram, og er nå eit av de best vedlikehalda seglskipa i verda. «Statsraad Lehmkuhl» har fungert som skuleskip for den tyske marine hausten 2000, og frå 2002 har skipet kvar haust vore leigd av Den norske Marine som skuleskip for Befalsskolen og Sjøkrigsskolen.

 

LOA

Skuta LOA - Klikk for stort bilete Klasse: A
Land: Danmark
Hamn: Aalborg
Lengde: 40,00 meter
Høgde: 25,5 meter
Type: Skonnertbark (Barkentine)
Byggeår: 1922
Heimeside: www.loa.dk

LOA er ein skonnertbark (barkentine)  - eit tremasta seglskute med fullrigga fokkemast (formast) og gaffelsegl på dei to andre mastene.

Skipet blei bygd i 1920-22 av eik og bøk. LOA er eit eksempel på ein lang dansk skipsbygningstradisjon. Restaureringsarbeidet har føregått i respekt for skipet sin historie og for godt handverk. Restaurering er i åra 2004-2009 gjennomført av en kombination av lønna og friviljuge medarbeiarar. 

I Tall Ships Races regattaen deltek LOA i klasse (A) på lik linje med andre dei danske skuleskipa. LOA seglar i 8-9 månader i året - og ganske mye av tida på langfart.

 

Gulden Leeuw

Flott som ein klassisk yacht

Seilskuta Gulden Leeuw - Klikk for stort bilete

  • Land: Nederland
  • Hamn: Kampen
  • Klasse: A
  • Type: Tremastet skonnert
  • Byggjeår: 1937
  • Største lengde (med baugspyd) 70,72 meter
  • Lengde (utan baugspyd): 54,54 meter
  • Største høgde: 39,33 meter
  • Har plass til 60 medseglarar
  • Mannskap: 24 stk.
  • Skuta var i Sirevåg under TSR i 2015 og og vi er glade for å ha den flotte skuta tilbake.
  • Nettside: www.guldenleeuw.com

Gulden Leeuw er eit stort seglskip med et fint 1930-tallspreg og vakkert dekk som ein klassisk yacht.
Dette skipet blei bygd i 1937 på vegne av det danske landbruks- og fiskeridepartementet. I teneste for den danske regjeringa blei fartøyet ofte brukt til marinbiologisk forsking både i danske farvann og internasjonale farvann. Skipet har ei rik historie. Gulden Leeuw har mellom anna vore brukt til forskningsekspedisjoner, forsyningskip, og som dansk skuleskip.Den seinare tida har skipet blitt omgjort til ein tremastra skonnert.

Gulden Leeuw tilbyr plass til opptil 200 passasjerer på dagssegling og for 56 trainees på lengre reiser. Mannskapet er lidenskapelig opptatte av seglopplæring og verdsetter god lagånd.

Skipet har komfort, elegant stil og utmerket kjøkken, og er derfor godt eigna for ulike bedriftsarrangement som seminar og turar.

 

Shtandart

Kopi av Peters den store sitt skip frå 1700-talet

SHTANDART - Klikk for stort bilete

  • Klasse: A
  • Type: Fregatt
  • Byggjeår: 1999
  • Land: Russland.
  • Hamn:St. Petersburg.
  • Største lengde (med baugspyd): 34,5 meter
  • Lengde: 25, 50 utan baugspyd
  • Høgde: 33 meter.
  • Bredde: 6,9 meter.
  • Maks medseglarar: 32. Mannskap: 8.
  • www.shtandart.ru

Skapte ståhei i Sirevåg under TSR fest i 2015. Fylg med når Shtandart kjem til Sirevåg hamn med brask og bram og kanonskot!

1703 var eit viktig år i Russland sin historie: Tsar Peter den store grunnla St. Petersburg og etablerte ein russisk marineflåte. Fregatten «Shtandart», blei det fyrste skipet i «Østersjøflåten». Henrik Wessel, ein eldre bror av Tordenskiold, tjente som kaptein på «Shtandart».

Me får besøk av ein flott kopi av den historiske skuta «Shtandart». Byggingen av kopien starta i 1994 i St. Petersburg, da den ideelle stiftinga “Shtandart Project” hadde fått på å få på plass alle dei nødvendige forutsetningane; ei hamn, fagfolk, oppstartskapital, og byggetegningar.

Ingen byggeteikningar var blitt bevart frå orginalskipet, men ved et samantreff hadde den erfarne marinehistorikaren, Victor Krainyukov, i 1987 fått i oppdrag frå museet Hermitasjen St. Petersburg om å finne ut mest mogleg om «Shtandart». I sitt arbeid studerte forskaren materiale frå russiske arkiv og opplysningar om skipsdesign og skipskonstruksjon frå nederlandske, franske og britiske forfattarar frå 1700-talet. Han fant også eit grafisk trykk frå det 18. århundre som viste marineskipet «Shtandart» i aksjon.

Basert på alle desse kjeldene blei det laga nye byggeskisser og konstruert ein modell av skuta i 1991. Dette igjen blei grunnlaget byggingen kopien av historiske «Shtandart».

Til skuta trengtes ei stor mengde tømmer til skuta; eik til kjøl og rammer, furu til dekk, master og gård, lerk til skroget, dekkplanking, samt kritt til utskjeringane.    

Skuta er rikt dekorert med vakre utskjeringar, slik det var vanleg på 1700-talet. I baugen er det ein løvefigur og havfruer. Rundt pistolportene og på tverrbjelken (transom) framtrer ein trehoda drage, flagg, tsaren sitt våpenskjold og Kong Neptun som rir på bølgene.

 

Santa Maria Manuela - «Portugisisk perle»

Santa Maria Manuela - Klikk for stort bilete

  • Land: Portugal
  • Hamn: Lisboa
  • Klasse: A
  • Type: Firmastra skonnert
  • Lengde: 62,64 m
  • Høgde: 34,47 m
  • Var opprinnelig eit fiskefartøy i den portugiske flåten.
  • Har plass til 50 trainees.  
  • Mannskap: 24
  • www.santamariamanuela.pt


"Santa Maria Manuela" (SMM) er ein firmastra skonnert frå 1937, bygd av Companhia Uniao Fabril, i Lisboa. Opprinneleg blei skuta brukt til torskefiske. Allereie då var «Santa Maria Manuela» kjent som  som eit av dei vakraste fartøyane i den portugisiske flåten. I 1993 blei skuta tatt ut av drift som fiskerifartøy.  Mellom 2007 og 2010 vart skipet restaurert og ombygget av selskapet Pascoal. Deretter blei skuta overtatt av Recheio Cash & Carry, ein del av Jeronimo Martins-gruppa. I dag vert skuta nytta til seglopplæring, ekspedisjonar, teamutvikling oa.

Fryderyk Chopin

Fryderyk Chopin - Klikk for stort bilete Land: Polen
Lengde: 55,5 meter
Høgde:36,27
Byggeår: 1992
Klasse: A
Type skute: Brigg
Heimmeside:www.fryderykchopin.pl

Alexander von Humbolt II

alexander von humboldt - Klikk for stort bilete Land:Tyskland
Lengde: 64,73 meter
Høgde: 36,85 meter
Byggeår: 2011
Klasse: A
Heimeside: www.alex-2.de

Stina Mari

Skuta Stina Mari 2 - Klikk for stort bilete Stina Mari er ein 43 fots trebåt. (Klasse B) Skuta blei bygd ved Djupevåg Båtbyggeri i Norheimsund i 1987 etter teikningar frå Colin Archer. Båten har delteke i Tall Ships Races fleire gonger og vunne seilasen i sin klasse. Stina Mari vert eigd av selskapet Teekay, som har eit aktivt seglarmiljø.

 

Helena

Helena - Klikk for stort bilete Land: Finland
Lengde:  31,80 m
Høgde: 35,48 m
Byggeår: 1992
Klasse: B
Type skute: Skonnert

 

Challenge Wales

Land: Storbritannia
Lengde: 22 meter
Høgde:27,54
Byggeår: 2000
Klasse: C
Type skute: Kutter
Hjemmeside: https://challengewales.org/

Urtica

Land: Polen
Lengde: 11,14 meter
Høgde:15,85
Byggeår:2011
Klasse: D
Type skute: Bermuda slupp

Spaniel

Land: Latvia
Lengde: 17,05 m
Høgde: 23,43 m
Byggeår: 1979
Klasse: C
Type skute: Bermudaslupp

ST IV

Land: Estland
Lengde: 12,12 m
Høgde: 16,57 m
Byggeår: 1990
Klasse: C
Type skute: Bermudaslupp

Hosanna

Land: Frankrike
Lengde: 14,43 m
Høgde:18,76 m
Byggeår: 1989
Klasse: C
Type skute: Bermudaslupp

Dar Szczecina

Land: Polen
Lengde:  18,00 m
Høgde: 20,84 m
Byggeår: 1969
Klasse: C
Type skute: Bermudaslupp

Gorenjka

Land: Slovenia
Lengde:  12,99 m
Høgde: 16,57 m
Byggeår: 1998
Klasse: C
Type skute: Bermudaslupp

Vahine

Land: Finland
Lengde: 19,68 m
Høgde: 24,28 m
Byggeår: 1973
Klasse: C
Type skute:  Bm Ketch

Akela

Land: Russland
Lengde: 13,62 m
Høgde: 17,52 m
Byggeår: 1985
Klasse: D
Type skute: Bermudaslupp

Fann du det du leita etter?