Nasjonal tilskottsordning for inkludering av barn i låginntektsfamiliar

Føremålet med ordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom hos barn og ungdom.

Tilskottsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre moglegheitene for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon.

Nasjonal tilskottsordning for inkludering av barn i låginntektsfamiliar er eit av fleire tiltak i regjeringa sin strategi som skal bidra til å nå regjeringa sitt mål om at alle barn, uavhengig av foreldra sin økonomi, skal ha høve til å delta jamleg i minst ein organisert fritidsaktivitet saman med andre. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) lyser no ut ordninga med atterhald om Stortingets budsjettvedtak for 2019.

Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søka om tilskott.

Søknadsfrist og meir informasjon finn du på tilskottsordninga sine nettsider.

Søknadsfrist for tilskottsåret 2019 er måndag 10. desember 2017.

Kontaktperson i Hå kommune er oppvekst- og SLT-koordinator Johanne Erfjord, tlf.nr. 415 32 620

Kontakt

Johanne Erfjord
Johanne Erfjord
Oppvekstkoordinator (SLT)
Mobil: 415 32 620
Fann du det du leita etter?