Slik les du av vassmålaren

Målaravlesing på SMS

Nytt år betyr at det er tid for å lesa av vassmålaren. Me har sendt ut SMS til alle fakturamottakarar som er registrerte med mobilnummer. Dersom du har fått SMS, registrerer du målarstand ved å klikka på linken i SMSen. 

Dersom du ikkje har fått SMS, men ønsker dette til neste år, kan du oppdatera kontaktinfoen din på www.servicevarsling.no.

Ring servicetorget dersom du ikkje får det til, så kan me registrera målarstanden for deg.

Målaravlesing på nett eller papir

Me sender ut vassmålarkort på papir til alle fakturamottakarar som ikkje får SMS.

På målarkortet finn du kundenummer og passord som du kan bruka for å registrera målarstand på nett. Du kan også senda inn målarkortet i posten. 

Klikk her for å registrera målarstand på internett

 

 

 

 

 

 

Du har sjølv ansvar for regelmessig kontroll av vassmålaren. Då kan eventuelle store utslag som følgje av feilmåling, feil avlesing, eller lekkasje, bli oppdaga så tidleg som mogleg. Hugs at vasslekkasje i huset blir registrert på telleverket som forbruk, og du må betala for det.

Avlesing

For at me skal kunna rekna ut årsgebyret ditt for vatn og/eller avløp, treng me å vita kor mykje vatn du har brukt det siste året. Det er derfor viktig at du les av, og leverer vassmålarstanden til oss nå snarast.

Me sender ut skjema for avlesing i desember kvart år. Du kan registrera målarstand på internett, eller senda inn svarkortet. Viss du registrerer på nett, får du oversikt over forbruket ditt dei fem siste åra.

Dei fleste målarane har 5 siffer som skal lesast av. Ikkje ta med raude tal, eller tal bak komma. Merk at kundenummer og brukarnamn er det same.

 

Er du røyrleggjar?

I Hå kommune skal det installerast kommunal vassmålar i alle nye bustader med eige seksjonsnummer eller bruksnummer. Du må vera autorisert røyrleggjar for å installera, og vassmålar må hentast  på lageret på Bøvegen 16 (Pytten). Vassmålaren må plomberast ved montering.

Røyrleggjar må fylla ut rapportskjema og senda til kommunen snarast etter montering av ny, eller ved byte av vassmålar.

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51793000
Tekniske saker og næring
Fann du det du leita etter?